Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar
NAVPsykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar
NAVPsykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Den nyoppretta sengeposten skal tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. Som psykiatrisk sjukepleiar vil du få ei viktig rolle i det daglege pasientarbeidet, og du vil vere med på å utvikle rutinar, faglege tilnærmingar og eit godt arbeidsmiljø.
Seksjon for psykose SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei breidt samansett personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulik behandling (medikament, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming).
Arbeidsstaden er det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Sjukehuset er plassert på Hjelset, mellom Kristiansund og Molde.
Arbeidsoppgåver
• Miljøterapi/aktivitet: Bidra til struktur og tryggleik i pasientane sin kvardag gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid
• Observasjon, vurdering og dokumentasjon: Systematisk observasjon av psykisk tilstand, funksjon og endring, med dokumentasjon og fagleg rapportering
• Psykoterapeutisk tilnærming/samtalar
• Medikamenthandtering: Administrere og følgje opp medikamentell behandling i tråd med gjeldande rutinar og forskrifter
• Koordinering/tverrfagleg samarbeid: Delta aktivt i behandlingsmøte og samarbeide tett med lege, psykolog og andre faggrupper. Vere ein koordinator for pasientarbeidet
• Pårørandearbeid: Vere ein kontaktperson og støtte for pårørande, og bidra til god kommunikasjon og samarbeid
• Fagutvikling: Vere med på å utvikle faglege rutinar og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar
• Relevant vidareutdanning innan psykisk helse eller rus
• Ønskjeleg med erfaring frå liknande klinisk arbeid
• Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
• Førarkort klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
• Du er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utviklingsarbeid
• Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og trivst med tverrfagleg arbeid
• Du er trygg i møte med pasientar og har evne til å skape tillit
• Du har lyst til å vere med og bygge opp eit nytt og viktig tilbod
• Du er positiv til nye utfordringar, omstillingsdyktig i møte med endringar og evnar å sjå løysingar
• Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
• Du stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med tidvis høgt tempo
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Ei spennande og meiningsfull stilling i eit fagmiljø i utvikling
• Moglegheit for langvakter
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Ingunn Romundstad Innerdal, Seksjonsleiar, 917 74 696, Ingunn.Romundstad.Innerdal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5035762049
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 18.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Radiologi kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiar
NAVAkutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Bildediagnostikk legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF