Lege i spesialisering i radiologi
NAVBildediagnostikk legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Lege i spesialisering i radiologi
NAVBildediagnostikk legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Sjå video frå vår avdeling her.Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund, er ein god stad for ferske LIS3. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikert og stabil overlegegruppe og eit godt, inkluderande LIS-miljø. Vi har nyleg flytta inn i det nye sjukehuset (SNR) og dei nye lokala legg til rette for ein god og variert arbeidskvardag med mykje 1-til-1 opplæring. Vi har fokus på at nye LIS3 skal få eit godt grunnlag og føle seg trygg med tett oppfølgning når dei starter med vakt.
Vi har no ledig to faste stillingar som LIS i radiologi, med oppstart 01.03.2026 eller etter avtale. Det er også moglegheit for vikariat for flere kvalifiserte søkjarar og gode moglegheiter for fleire faste stillingar etter kort tid.
Opplæring skjer hovudsakleg på Hjelset, men vi legg til rette for deg som ønskjer å bu i Kristiansund.
Radiologisk avdeling ved Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga, og det nye sjukehuset (SNR) har fylkets første 3 Tesla MR.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
• Opplæring og arbeid med røntgen, CT og ultralyd
• Etter kvart delta i radiologiske intervensjonar og MR-opplæring
• Beskrive bilete og utføre ultralydundersøkingar
• Kommunisere med klinikarar om undersøkingar
• Presentere bilete for klinikarar
• Deltaking i vaktordning (for tida åttedelt), med tilstadevakt og overlege i bakvakt (delvis heimevakt)
Kvalifikasjonar
• Gyldig norsk autorisasjon som lege
• Norsk LIS1 eller fullført turnusteneste etter tidlegare ordning
• Meistre norsk, svensk eller dansk, med god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
• God klinisk forståing
• Evne til å samarbeide tett med ulike faggrupper
• Interesse for fagleg utvikling og læring
Personlig eignaheit vil vektleggast ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Thomas Alexander Bremnes, Seksjonsleiar, 71116093, thomas.alexander.bremnes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5043204650
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2025
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
Bildediagnostikk legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Radiologi kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiar
NAVAkutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF