Rådgjevar
NAVNav Ullensvang
Rådgjevar
NAVNav Ullensvang
Stillingsbeskrivelse
Hos oss får du arbeida i eit regionalt marknadsteam med base ved Nav Ullensvang, men du må rekna med å utføra oppgåver i heile region Voss og Hardanger. Det betyr at den som vert tilsett, vil jobba med brukarar frå heile regionen og må vera budd på ein del reising.
Marknadsteamet arbeider med jobbsøkjarar som er klare for arbeid, og har og ansvar for tett og god oppfølgjing av arbeidsgjevarar som treng støtte i samband med rekruttering, nedbemanning og liknande behov.
Arbeidsoppgåver
• Følgja opp brukarar som er klare for jobb og som treng litt hjelp frå Nav.
• Samhandla med og hjelpa arbeidsgjevarar med rekruttering/omstilling.
• Den som vert tilsett skal også ha mottaksvakter på lik linje med andre i kontoret.
• Karriererettleiing og jobbmatch.
• Dokumentera informasjon og rapportera i ulike relevante fagsystem.
• Ta initiativ og vera ein god ambassadør for Nav.
Kvalifikasjonar
• Utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan helse- og sosialfag, samfunnsfag eller juridiske fag. Relevant erfaring kan kompensera for noko av utdanningskravet.
• God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk.
• God digital kompetanse.
• Førarkort klasse B.
Det er ein fordel om du har:
• Kjennskap til offentleg sektor.
• Erfaring med endringsprosessar.
• Kunnskap om arbeidsmarknaden i regionen.
• Erfaring med rettleiing og relasjonsbygging.
Personlige egenskaper
• Relasjonsbyggande.
• Strukturert og gjennomføringssterk.
• Løysingsorientert og nyskapande.
Vi tilbyr
• Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåve.
• Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
• Eit triveleg arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar.
• Spennande møter med interessante arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar.
• Fleksitidsordning.
• Tilsetting i stillingskode 1434 Rådgjevar med lønnspenn frå kr. 622.000 til kr. 655.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
• Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida.
• God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Grete Jorunn Grønnestad, Konstituert Nav leiar, 41290348, grete.jorunn.gronnestad@nav.no
Eirik Verpelstad, Regionleiar, 91152458, eirik.verpelstad@nav.no
Arbeidssted
Eitrheimsvegen 32
5750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5047032427
Søknadsfrist: 05.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kontor og økonomi
- Sted
- Odda, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
Nav Ullensvang
Andre stillinger innen samme område
Ullensvang kommune Odda barneskule
Ullensvang kommune Rabben barnehage
Ullensvang kommune Helse- og omsorg
Prima Assistanse avdeling Vestland
Ullensvang kommune Eideåsen friluftsbarnehage